Bydelen kan glede seg over at ein ny milepæl er nådd. Reguleringsplanen vart endeleg stadfest i Bystyret i møte 30. april 2009 med einstemmig oppslutnad og utan debatt. Like einstemmig gjekk saka gjennom i Bygningsrådet og Byutviklingskomiteen. Saka har brei støtte.
Det neste nødvendige steget i utviklinga er at kommunen og grunneigarane vert einige om overtaking av grunnen. Ingenting skulle no vere til hinder for dette. Samstundes fortset arbeidet med økonomiplanen og grunnlaget for tippemiddelsøknad. Utvalet for idrettspark og fleirbrukshall på Utleir held fram med arbeidet med uforminska styrke. Bydelen må støtte opp om arbeidet, og vi må halde fram å trykke på for å få realisert planane.
#
publisert av Ole Jonny Klakegg @ 16:33